35/9-11 A

25.04.2014 Oljedirektoratet har gitt RWE Dea Norge AS boreløyve for brønnbane 35/9-11 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 35/9-11 A skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 61°21’25,60” nord og 3°40’44,56” aust.

Boreprogrammet for brønnbane 35/9-11 A gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 420. RWE Dea Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (40 prosent) og Idemitsu Petroleum Norge AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 35/9. Brønnen blir bora om lag 14 kilometer vest for Gjøafeltet.

Utvinningsløyve 420 vart delt ut 16. februar 2007 (TFO 2006). Dette er den tredje brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 25.04.2014