35/9-11 S/A

05.03.2014 Oljedirektoratet har gitt RWE Dea Norge boreløyve for brønn 35/9-11 S/A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/9-11 S/A skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 61°21’25,60”nord og 3°40’44,56” aust etter at undersøkingsbrønn 25/5-9 for Total E&P Norge AS  i utvinningsløyve 102 F er ferdig bora.

Boreprogrammet for brønn 35/9-11 S/A gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 420 der RWE Dea Norge er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (40 prosent) og Idemitsu Petroleum (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/9. Brønnen blir bora om lag 16 kilometer vest for Gjøafeltet.

Utvinningsløyve 420 vart delt ut 16. februar 2007 (TFO 2006). Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 05.03.2014