Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/9-12 S

04.11.2014 Oljedirektoratet har gitt RWE Dea Norge AS boreløyve for brønn 35/9-12 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/9-12 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 61°15`28,34" nord og 3°44`46,61" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 34/6-3 S og 34/6-3 A for Total E&P Norge AS i utvinningsløyve 554.

Boreprogrammet for brønn 35/9-12 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 420. RWE Dea Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (40 prosent) og Idemitsu Petroleum Norge AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/9. Brønnen blir bora om lag 80 kilometer sørvest for Florø.

Utvinningsløyve 420 vart tildelt 16. februar 2007 (TFO 2006). Dette er den fjerde brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad
, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 04.11.2014