Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6305/8-2

29.09.2014 Oljedirektoratet har gitt A/S Norske Shell boreløyve for brønn 6305/8-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6305/8-2 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 63°19'42.05" nord og 5°21'36,69" aust.

Boreprogrammet for brønn 6305/8-2 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 250. A/S Norske Shell er operatør med ein del på 16 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (45 prosent), Statoil Petroleum AS (23,6 prosent), Dong E&P Norge AS (9,44 prosent) og ExxonMobil Exploration & Production Norway AS (5,91 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 6305/8. Brønnen blir bora om lag 120 kilometer vest for Kristiansund.

Utvinningsløyve 250 vart delt ut den 22.10.1999 (tillegg til 15. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad
, tel. +47 51876027

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 18.12.2014