Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6405/12-1

26.08.2014 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 6405/12-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6405/12-1 skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 64°11'42.30" nord og 5°52'13,53" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/4-8 S for Lundin Norway AS i utvinningsløyve 359.

Boreprogrammet for brønn 6405/12-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 584. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavaren er Bayerngas Norge AS (40 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokk 6405/12 og deler av blokk 6405/9, 6406/7, 6406/10, 6305/3 og 6306/1. Brønnen blir bora om lag 80 kilometer nordaust for Ormen Lange feltet.

Utvinningsløyve 584 vart delt ut den 04.2.2011 (TFO 2010 på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 18.12.2014