Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6406/12-3 B og A

29.04.2014 Oljedirektoratet har gitt VNG Norge AS boreløyve for brønn 6406/12-3 B og A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6406/12-3 B & A skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 64°01'52,37" nord og 6°45'17,46" aust etter at undersøkingsbrønn 6406/12-3 S og avgrensingsbrønn 6406/12-3 B er ferdig bora for VNG Norge AS i same utvinningsløyve.

Boreprogrammet for brønn 6406/12-3 B gjeld boring av avgrensingsbrønn og boreprogrammet for brønn 6406/12-3 A gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 586. VNG Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Spike Exploration Holding AS (30 prosent), Faroe Petroleum Norge AS (25 prosent) og Rocksource Exploration Norway AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6406/11 og ein del av blokk 6406/12. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer aust for funnet 6406/11-1 S og om lag 33 kilometer sørvest for Njordfeltet.

Utvinningsløyve 586 vart delt ut 4. februar 2011 (TFO 2010). Desse er den andre og tredje brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27


Kart - Last ned pdf 

 

Oppdatert: 29.04.2014