Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6406/2-8

19.12.2014 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 6406/2-8, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6406/2-8 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 64°45`13,95" nord og 6°30´9,18" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 33/2-1 for Lundin Norway AS i utvinningsløyve 555.

Boreprogrammet for brønn 6406/2-8 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 589. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er RWE Dea Norge AS (30 prosent) og Repsol Exploration Norge AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6406/2 og 6406/5. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer sør for Kristin feltet.

Utvinningsløyve 589 vart delt ut 4.2.2011 (TFO 2010). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 18.12.2014