Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6406/6-4

15.12.2014 Oljedirektoratet har gitt Maersk Oil Norway AS boreløyve for brønn 6406/6-4, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6406/6-4 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 64°38'31.62" nord og 6°46'02,77"aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/9-12 S for RWE Dea Norge AS i utvinningsløyve 420.

Boreprogrammet for brønn 6406/6-4 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 510. Maersk Oil Norway AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Edison International Norway Branch (30 prosent) og North Energy ASA (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 6406/5 og del av blokk 6406/6 Brønnen blir bora om lag 35 kilometer søraust for Kristinfeltet.

Utvinningsløyve 510 vart delt ut den 23.1.2009 (TFO 2008). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tel. +47 51876027

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 18.12.2014