Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6507/5-7

29.04.2014 Oljedirektoratet har gitt E.ON E&P Norge AS boreløyve for brønn 6507/5-7, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønne 6507/5-7 skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 65°32'29,71" nord og 7°34'25,68" aust.

Boreprogrammet for brønn 6507/5-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 558. E.ON E&P Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er PGNiG Upstream International AS (30 prosent), Det norske oljeselskap AS (20 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 6507/5. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer aust for Skarvfeltet.

Utvinningsløyve 558 vart delt ut 19. februar 2010 (TFO 2009). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27


Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 29.04.2014