Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6608/10-16

04.02.2014 Oljedirektoratet har gitt Noreco Norway AS boreløyve for brønn 6608/10-16, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6608/10-16 skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 66º08`38,09" nord og 08º04´00,71" aust.

Boreprogrammet for brønn 6608/10-16 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 484. Noreco Norway AS er operatør med ein eigardel på 30 prosent og andelshaverane er Dana Petroleum Norway AS med ein eigardel på 30 prosent, Explora Petroleum AS med ein eigardel på 30 prosent og E.ON E&P Norge AS med ein del på 10 prosent. Utvinningsløyvet består av delar av blokk 6608/10.

Utvinningsløyvet vart delt ut i TFO2007. Dette er den fyrste brønnen som blir bora innanfor dette løyvet.

Løyvet føreset at de dei andre løyva og samtykka som blir kravde av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 17.02.2014