Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6707/10-3

29.09.2014 Oljedirektoratet har gitt Centrica Resources (Norge) AS boreløyve for brønn 6707/10-3, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6707/10-3 skal borast frå boreinnretninga West Navigator i posisjon 67°11'31,58 N og 7°19'34,06" aust.

Boreprogrammet for brønn 6707/10-3 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 528 B. Centrica Resources (Norge) AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (35 prosent), Atlantic Petroleum Norge AS (15 prosent) og Rocksource Exploration Norway AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av  del av blokk 6707/10. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer nordaust for Aasta Hansteen feltet.

Utvinningsløyve 528 B vart delt ut den 13.5.2011) (21. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad
, tel. +47 51876027

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 18.12.2014