Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7120/1-4 S

05.03.2014 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7120/1-4 S, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7120/1-4 S skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 71°56'18,21" nord og 20º10´08,61" aust.

Boreprogrammet for brønn 7120/1-4 S gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 492. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Det norske oljeselskap ASA med 40 prosent og Noreco Norway ASA med 20 prosent. 

Utvinningsløyvet består av deler av blokkane 7120/1 og 7120/2. Utvinningsløyvet blei tildelt i TFO 2007.

Undersøkingsbrønn 7120/1-4 S er den andre leitebrønnen i utvinningsløyve 492.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 10.03.2014