Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7125/4-3

22.08.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7125/4-3, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7125/4-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 71°30'56,40" nord og 25°12'56,70" aust.

Boreprogrammet for brønn 7125/4-3 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 393 B. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent), Concedo ASA (20 prosent) og OMV (Norge) AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 7125/4 og 7125/5. Brønnen blir bora om lag 110 kilometer nordaust for Hammerfest.

Utvinningsløyve 393 B vart tildelt 10. september 2010 (ytterlegare til 19. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 22.08.2014