Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7218/8-1

14.02.2014 Oljedirektoratet har gitt GDF Suez E&P Norge AS boreløyve for brønn 7218/8-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7218/8-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 72°20'00,70" nord og 18°28'38,46"aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7222/11-1 for Det norske oljeselskap ASA i utvinningsløyve 657.

Boreprogrammet for brønn 7218/8-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 607. GDF Suez E&P Norge AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Concedo ASA (20 prosent) og OMV (Norge) AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokk 7218/8, 7218/9 og 7219/7. Brønnen blir bora om lag 65 kilometer vest for Johan Castberg området.

Utvinningsløyve 607 vart delt ut den 13.5.2011 (21. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 19.02.2014