Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7220/11-1

24.06.2014 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7220/11-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/11-1 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 72o 03`26,84" nord og 20o 32´45,71" aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/11-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 609. Lundin Norway AS er operatør med 40 prosent del og rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 30 prosent og RWE Dea Norge AS AS med 30 prosent. 

Utvinningsløyvet består av blokkene/del av blokkene 7220/6, 7220/9, 7220/11, 7220/12 og 7221/4. Utvinningsløyve blei tildelt i 21. konsesjonsrunde i 2011.

Undersøkingsbrønn 7220/11-1 blir den første leitebrønnen i utvinningsløyve 609.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27


Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 24.06.2014