Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7220/2-1

22.08.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum ASA boreløyve for brønn 7220/2-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/2-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 72°48'43,85" nord og 20°33'26,97" aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/2-1gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 714. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er ENI Norge AS (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokk 7220/2 og deler av blokk 7220/3. Brønnen blir bora om lag 35 kilometer nord for Johan Castberg feltet.

Utvinningsløyve 714 vart delt ut den 21. juni 2013 (22. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 22.08.2014