Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7220/7-3 S

19.02.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7220/7-3 S, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/7-3 S skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 72°24` 08,73" nord og 20°08´ 02,65" aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/7-3 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 532. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Eni Norge AS med 30 prosent og Petoro AS med 20 prosent.

Utvinningsløyvet består av blokk 7219/9, 7220/4, 7220/5, 7220/7 og 7220/8. Utvinningsløyvet blei delt ut i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Undersøkingsbrønn 7220/7-3 S er den sjuande leitebrønnen i utvinningsløyve 532. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

Kart - Last ned pdf 

 

Oppdatert: 19.02.2014