Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7227/10-1

15.10.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7227/10-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7227/10-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 72° 09` 48,72" nord og 70° 14´ 18,14" aust.

Boreprogrammet for brønn 7227/10-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 230. Statoil Petroleum AS er operatør med 35 prosent del og rettshavarane er Spike Exploration Holding AS med 30 prosent, Explora Petroleum AS med 20 prosent og GDF SUEZ E&P Norge AS med 15 prosent.

Utvinningsløyvet består av deler av blokkene 7227/8, 7227/9 og 7227/10. Utvinningsløyvet blei tildelt i Barentshavsprosjektet i 1997.

Undersøkingsbrønn 7227/10-1 blir den første leitebrønnen i utvinningsløyve 230.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar. 


Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 15.10.2014