Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7319/12-1

26.08.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7319/12-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7319/12-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 73°02'34,20" nord og 19°46'39,30" aust.

Boreprogrammet for brønn 7319/12-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 713.

Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er RN Nordic Oil AS med 20 prosent, North Energy ASA med 20 prosent og Edison International Norway Branch med 20 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/ 2, 3 og 7319/11, 12.

Utvinningsløyve 713 vart delt ut 21.6.2013 i 22. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 26.08.2014