Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7324/7-2

02.04.2014 Oljedirektoratet har gitt OMV Norge AS boreløyve for brønn 7324/7-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7324/7-2 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 73°29`27,09" nord og 24°14´ 2,56" aust.

Boreprogrammet for brønn 7324/7-2 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 537. OMV Norge AS er operatør med 25 prosent del og rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 20 prosent, Petoro AS med 20 prosent, Tullow Oil Norge AS med 20 prosent og Statoil Petroleum AS med 15 prosent. 

Utvinningsløyvet består av blokkene 7324/7 og 7324/8. Utvinningsløyve blei tildelt i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Undersøkingsbrønn 7324/7-2 blir den tredje leitebrønnen i utvinningsløyve 537.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 02.04.2014