Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7324/9-1

30.07.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7324/9-1 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7324/9-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 73° 19' 29.28'' nord og 24° 50' 24.24'' aust.

Boreprogrammet for brønn 7324/9-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 614. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS (40 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene 7324/9 og 7325/7. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer søraust for oljefunnet 7324/8-1 og om lag 300 kilometer nord for Hammerfest.

Utvinningsløyve 614 vart delt ut den 13. mai 2011 (21 konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 22.08.2014