Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7325/1-1

17.06.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7325/1-1 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7325/1-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 73°54'49,50"nord og 25°06'59,70"aust.

Boreprogrammet for brønn 7325/1-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 615. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 35 prosent. Dei andre rettshavarane er ConocoPhillips Scandinavia AS med 25 prosent, OMV (Norge) AS med 20 prosent og Petoro AS med 20 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7324/1, 2, 3 og 7325/1.

Utvinningsløyve 615 vart tildelt 13. mai 2011 i 21. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 18.06.2014