Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

8/10-6 S

20.05.2014 Oljedirektoratet har gitt Centrica Energi (Norge) AS boreløyve for brønn 8/10-6 S.

Brønn 8/10-6 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 57°3’09,92’’ nord og 3°3’42,12” aust.

Boreprogrammet for brønn 8/10-6 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 405. Centrica Energi (Norge) AS er operatør med 40 prosent del. Rettshavarar er Suncor Energy Norge AS med 30 prosent, Faroe Petroleum Norge AS med 15 prosent og Tullow Oil Norge AS med 15 prosent del. Utvinningsløyve 405 blei tildelt i TFO 2006.

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i den sørlege delen av Nordsjøen, og består av delar av blokkene 7/9,7/12,8/7,8/8,8/10 og 8/11. Brønn 8/10-6 S er den sjette leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.  

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 20.05.2014