Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

10/4-1

23.06.2015 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 10/4-1.

Brønn 10/4-1 skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 57°40’20,08’’nord og 5°09’18,79’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 10/4-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 734. Wintershall Norge AS er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Centrica Resources (Norge) AS og Lundin Norway AS med 30 prosent del kvar. Utvinningsløyve 734 blei tildelt i TFO 2013.

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i den søraustlige delen av Nordsjøen og består av den austlige delen av blokk 10/4. Brønn 10/4-1 er den første leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.  

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 23.06.2015