Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

1/5-5

21.12.2015 Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønn 1/5-5, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 1/5-5 skal borast frå boreinnretninga Mærsk Gallant i posisjon 56°43’48’’ nord og 02°39’20” aust.

Boreprogrammet for brønn 1/5-5 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 618. Total E&P Norge AS er operatør med ein del på 60 prosent. Rettshavarar er GDF Suez E&P Norge AS og Petoro AS begge med 20 % eigedel. Utvinningsløyve 618 vart delt ut i 2012 (TFO 2011).

Løyvet ligg sør i Nordsjøen og grensar mot engelsk sokkel. Arealet består av delar av blokkene 1/2,3,5,6 og 9. Brønnen vert bora rundt 40 km nordvest for Ekofiskfeltet. Dette vil verte den fyrste brønnen bora i utvinningsløyvet.

Boreløyvet føreset at andre løyve og samtykke krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, telefon 51 87 64 52

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 21.12.2015