Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

15/12-24 S

10.04.2015 Oljedirektoratet har gitt Talisman Energy Norge AS boreløyve for brønn 15/12-24 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 15/12-24 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Giant i posisjon 58°07’26,79’’ nord 01°55’22,64’’ aust like nordaust for Varg-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønnen 15/12-24 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 672, der Talisman Energy Norge AS er operatør. Dei andre rettshavarane er Ithaca Petroleum Norge AS, Det norske oljeselskap ASA og Fortis Petroleum Norway AS. Rettshavarane inklusiv operatør har alle 25 prosent del i løyvet.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/12 og 16/10. Utvinningsløyve 672 vart tildelt 8. februar 2013 (TFO 2012). Dette er den fyrste leitebrønnen i løyvet, men det er bora to leitebrønnar tidlegare innafor same areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 10.04.2015