Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

15/6-13

27.03.2015 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 15/6-13, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/6-13 skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 58°36’55,51” nord og 01°45’40,49”aust nær Gina Krogfeltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 15/6-13 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 029 B. Statoil Petroleum AS er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Total E&P Norge AS og Det norske oljeselskap ASA med henholdsvis 30 og 20 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av del av blokkene 15/6. Utvinningsløyve 029 B vart delt ut 11. mai 2001 etter deling frå 029 som var tildelt i 2. konsesjonsrunde i 1969. Dette er den andre undersøkingsbrønnen som vert bora i løyvet, men det er bora undersøkingsbrønnar tidlegare innanfor det arealet dette løyvet dekker.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 27.03.2015