Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-22 A

28.05.2015 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap AS boreløyve for brønn 16/1-22 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-22 A skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 58°54’23,1’’ nord og 02°09’43,2’’ aust i utvinningsløyve 001 B, etter at avgrensingsbrønn 16/1-22 S er ferdig bora.

Boreprogrammet for brønn 16/1-22 A gjeld boring av avgrensingsbrønn på Ivar Aasen-feltet, der Det norske er operatør med ein 34,7862 prosent del. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (41,4730 prosent), Bayerngas Norge AS (12,3173 prosent), Wintershall Norge AS (6,4615 prosent), VNG Norge AS (3,0230 prosent), Lundin Norway AS (1,3850 prosent) og OMV (Norge) AS (0,5540 prosent).

Arealet i dette løyvet er ein del av blokk 16/1. Brønnen blir bora i den sørvestlege delen av Ivar Aasen-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 001 B blei skild ut den 1. september 1999 frå utvinningsløyve 001, som blei delt ut 1. september 1965 (konsesjonsrunde 1-A). Dette er den åttande leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal og den tiande på Ivar Aasen-feltet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 28.05.2015