Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-23 S

10.06.2015 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-23 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-23 S skal borast frå boreinnretninga Rowan Viking i posisjon 58°49’47,04’’ nord 02°16’56,00’’ aust i utvinningsløyve 338.

Boreprogrammet for brønn 16/1-23 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 338. Lundin er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) AS med 20 prosent, Statoil Petroleum AS og Wintershall Norge As med 15 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 16/1. Brønnen blir bora søraust på Edvard Grieg-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 338 vart tildelt 17. desember 2004 (TFO 2004). Dette er den tiande leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 10.06.2015