Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-24

09.02.2015 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-24, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-24 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 58°46’45,57’’ nord 02°06’35,00’’ aust i utvinningsløyve 338 C.

Boreprogrammet for brønn 16/1-24 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 338 C. Lundin er operatør med 80 prosent del. Den andre rettshaveren er OMV (Norge) AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/1. Brønnen blir bora sørvest for Edvard Griegfeltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 338 C var utskilt fra utvinningsløyve 338 og tildelt 16. desember 2014. Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 09.02.2015