Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-25 S

09.09.2015 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-25 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-25 S skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58°46’57,096’’ nord 02°15’17,386’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 16/1-25 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 338 C. Lundin er operatør med 80 prosent del. Den andre rettshavaran er OMV (Norge) AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/1. Brønnen vert bora sør for Edvard Grieg-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 338 C var skilt ut frå utvinningsløyve 338 og tildelt 16. desember 2014. Dette er den andre leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 09.09.2015