Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/4-10

30.11.2015 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/4-10, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/4-10 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 58°35’03,08’’ nord 02°10’21,95’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 16/4-10 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 544. Lundin er operatør med 40 prosent del. Den andre rettshavarane er Bayerngas Norge AS og Lime Petroleum Norway AS med 30 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/4. Brønnen blir bora sørvest for oljefunnet 16/4-6 S (Luno II) i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 544 blei delt ut 19. februar 2010 (TFO2009). Dette er den andre leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 30.11.2015