Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/4-9 S

16.01.2015 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/4-9 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/4-9 S skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58°42’22,76’’ nord 02°09’55,07’’ aust i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 16/4-9 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 359. Lundin er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) AS med 20 prosent, Statoil Petroleum AS og Wintershall Norge AS med 15 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av sørvestleg del av blokk 16/1 og nordleg halvdel av blokk 16/4. Brønnen blir bora 4,4 kilometer nordvest for funnbrønnen 16/4-6 S (Luno II).

Utvinningsløyve 359 blei tildelt 6. januar 2006 (TFO 2005). Dette er den fjerde brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal, men det er bora tre brønnar tidlegare i den vestlege delen av løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 21.01.2015