16/7-11
12.08.2015 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/7-11, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 16/7-11 skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 58°22’52,98’’ nord 02°04’05,00’’ aust.
Boreprogrammet for brønn 16/7-11 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 072 B. Statoil er operatør med 50 prosent del. Den andre rettshavaren er ExxonMobil Exploration & Production Norway AS med 50 prosent.
Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 16/7. Brønnen blir bora aust for Sleipner Østtfeltet i den midtre delen av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 072 B vart delt ut 24. september 2001. Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 12.08.2015