Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

2/11-11

26.05.2015 Oljedirektoratet har gitt Edison Norge AS boreløyve for brønn 2/11-11.

Brønn 2/11-11 skal borast frå boreinnretninga Transocean Searcher i posisjon 56°12’11,75’’ nord og 03°23’26,53” aust.

Boreprogrammet for brønn 2/11-11 gjeld boring av en undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 616. Edison Energy Norge AS er operatør med ein del på 25 prosent. Dei andre rettshavarane er Noreco Norway AS (20 prosent), Concedo ASA (20 prosent), Skagen 44 AS (15 prosent), North Energy ASA (15 prosent) og Lime Petroleum Norway AS (5 prosent). Utvinningsløyve 616 blei delt ut i 2012 (TFO 2011).

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg heilt sør i Nordsjøen og består av delar av grenseblokkene 2/7, 10 og 11. Brønnen blir bora rundt åtte kilometer sør for Valhall-feltet. Dette er den første brønnen som blir bora i utvinningsløyvet.

Boreløyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 27.05.2015