Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/11-28

27.08.2015 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 25/11-28, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/11-28 skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 59°00’31,1’’ nord 02°21’59,3’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 25/11-28 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 169. Statoil er operatør med 57 prosent del. Den andre rettshavaren er Petoro AS med 30 prosent og ExxonMobil Exploration & Production Norway AS med 13 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 25/8 og 25/11. Brønnen blir bora sør for Grane-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 169 vart tildelt 1. mars 1991 (13. konsesjonsrunde). Dette er den 15. leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 27.08.2015