Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/6-5 S

27.02.2015 Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønn 25/6-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/6-5 S skal borast frå boreinnretninga Leif Eiriksson i posisjon 59°35’27,15” nord og 02°45’39,46”aust i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 25/6-5 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 627. Total E&P Norge AS er operatør med 40 prosent eigardel. Dei andre rettshavarane er Centrica Resources (Norge) AS, Det norske oljeselskap ASA og Faroe Petroleum Norge AS med 20 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 25/5, 25/6, 25/8 og 25/9. Utvinningsløyve 627 blei delt ut 03. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den fyrste letebrønnen som blir bora i løyvet, men det er bora leitebrønnar tidlegare innanfor det arealet som dette løyvet dekker.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som blir kravde av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 27.02.2015