Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/11-18

19.08.2015 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 35/11-18, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/11-18 skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 61°09`24,40" nord og 03°20`38,09" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/3-11 S for E.ON E&P NORGE AS i utvinningsløyve 650.

Boreprogrammet for brønn 35/11-18 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 248. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavarene er Petoro AS med 40 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 35/8 og 35/11. Brønnen blir bora om lag 100 kilometer sørvest for Florø og om lag 20 kilometer nordvest for Fram-feltet.

Utvinningsløyve 248 vart tildelt 4. juni 1999 (NST99). Dette er den andre undersøkingsbrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 19.08.2015