Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/12-5 S

28.04.2015 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 35/12-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/12-5 S skal borast frå boreinnretninga Trancocean Arctic i posisjon 61°13`01,65" nord og 03°49`39,29" aust, etter at undersøkingsbrønn 6406/2-8 for Wintershall Norge AS i utvinningsløyve 589 er ferdig bora.

Boreprogrammet for brønn 35/12-5 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 378. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Capricorn Norge AS (20 prosent), Explora Petroleum AS (17,5 prosent) og Talisman Energy Norge AS (17,5 prosent). Arealet i dette løyvet er samansett av delar av blokk 35/12. Brønnen blir bora om lag 80 kilometer sørvest for Florø.

Utvinningsløyve 378 vart delt ut 6. januar 2006 (TFO 2005). Dette er den femte brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad
, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 28.04.2015