Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

3/7-10 S

02.07.2015 Oljedirektoratet har gitt Premier Oil Norge AS boreløyve for brønn 3/7-10 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Mærsk Guardian i posisjon 56°27’10,62’’ nord og 4°04’46,18’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 3/7-10 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 539. Premier Oil Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Suncor Energy Norge AS (20 prosent), DEA Norge AS (12 prosent) og Ithaca Petroleum Norge AS (åtte prosent).

Utvinningsløyve 539 blei tildelt i TFO 2009.

Arealet i utvinningsløyvet ligg i den sørlege delen av Nordsjøen, vest i grenseblokka 3/7.  Brønn 3/7-10 S er den første leitebrønnen i dette utvinningsløyvet. 

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 02.07.2015