Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6306/5-2

17.06.2015 Oljedirektoratet har gitt Repsol Exploration Norge AS boreløyve for brønn 6306/5-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6306/5-2 skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 63°43’52,31” nord og 6°34’27,34” aust etter at undersøkingsbrønn 16/4-9 S i utvinningsløyve 359 er ferdig bora for Lundin Norway AS.

Boreprogrammet for brønn 6306/5-2 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 642. Repsol Exploration Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er OMV Norge AS (20 prosent), Petoro AS (20 prosent) og Tullow Oil Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6306/2 og del av blokk 6306/5. Brønnen blir bora om lag 64 kilometer nordaust for Ormen Langefeltet og om lag 34 kilimeter sør for 6406/12-3 S (Pil) funnet.

Utvinningsløyve 642 vart delt ut den 3. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad
, tel. +47 51876027

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 17.06.2015