Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6407/10-5

26.08.2015 Oljedirektoratet har gitt A/S Norske Shell boreløyve for brønn 6407/10-5 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6407/10-5 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 64°12'41,7" nord og 7°16'34,25"aust.

Boreprogrammet for brønn 6407/10-5 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 793. A/S Norske Shell er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20%), VNG Norge AS (20%) og Faroe Petroleum Norge AS (20%). Arealet i dette løyvet består av del av blokkene 6407/7, 8, 10, 11. Brønnen blir bora om lag fem kilometer søraust for Njordfeltet og om lag 25 kilometer sørvest for Draugenfeltet.

Utvinningsløyve 793 vart delt ut 6. februar 2015 i TFO2014 på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 18.12.2015