Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6407/8-7

05.05.2015 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6407/8-7, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6407/8-7 bores frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 64° 23' 4,06'' nord og 7° 33' 42,8'' aust.

Boreprogrammet for brønn 6407/8-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 348 C. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 35 prosent. Dei andre rettshavarane er GDF Suez E&P Norge AS (20 prosent), E.ON E&P Norge AS (17,5 prosent), Core Energy AS (17,5 prosent), Faroe Petroleum Norge AS (7,5 prosent) og VNG Norge AS (2,5 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6407/8. Brønnen blir bora om lag 4,5 kilometer nord for Hymefeltet og om lag 22 kilometer nordaust for Njordfeltet.

Utvinningsløyve 348 C vart delt ut 13. februar 2015. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tel. +47 51876027

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 13.05.2015