Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6507/11-11

13.05.2015 Oljedirektoratet har gitt Tullow Oil Norge AS boreløyve for brønn 6507/11-11, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6507/11-11 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 65° 14' 16,06'' nord og 7° 30' 39,31'' aust etter at undersøkingsbrønn 7324/8-2 i utvinningsløyve 537 er ferdig bora for OMV (Norge) AS.

Boreprogrammet for brønn 6507/11-11 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 591. Tullow Oil Norge AS er operatør med ein del på 80 prosent. Dei andre rettshavarane er North Energy ASA (15 prosent) og Lime Petroleum Norway AS (5 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/8, del av blokk 6507/9 og del av blokk 6507/11. Brønnen blir bora om lag 14 kilometer søraust for Heidrun-feltet og om lag 220 kilometer vest for Brønnøysund.

Utvinningsløyve 591 blei delt ut 4. februar 2011 (TFO 2010). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tel. +47 51876027

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 15.05.2015