Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6507/3-11 S

29.06.2015 Oljedirektoratet har gitt E.ON E&P Norge AS boreløyve for brønn 6507/3-11 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6507/3-11 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 65°48`59,60" nord og 7°50´14,0" aust.

Boreprogrammet for brønn 6507/3-11 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 650. E.ON E&P Norge AS er operatør med ein 60 prosent del, og Statoil Petroleum AS er rettshavar med ein 40 prosent del.

Utvinningsløyvet består av del av blokk 6507/3. Utvinningsløyvet blei tildelt i TFO 2011.

Undersøkingsbrønn 6507/3-11 S blir den første brønnen i utvinningsløyve 650.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 29.06.2015