Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6706/11-2

22.05.2015 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6706/11-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6706/11-2 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 67°03’56,97”nord og 06°32’57,45”aust etter at boringa av undersøkingsbrønn 6407/8-7 og 6407/8-7 A for Statoil i utvinningsløyve 348 C er avslutta.

Boreprogrammet for brønn 6706/11-2 gjeld boring av undersøkningsbrønn i utvinningsløyve 602. Statoil Petrolem AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Centrica Resources AS (20 prosent), Petoro AS (20 prosent), Rocksources Exploration Norway AS (10 prosent), Wintershall Norge AS (10 prosent) og Atlantic Petroleum Norge (10 prosent prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6706/10, blokk 6706/11 og del av blokk 6706/12. Brønnen blir bora om lag 22 kilometer vest for Aasta Hansteen (Haklangfeltet).

Utvinningsløyve 602 vart delt ut 13. mai 2011 i 21. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 22.05.2015