Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6706/12-2

18.02.2015 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6706/12-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6706/12-2 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 67°05’08,63” nord og 06°52’00,09” aust.

Boreprogrammet for brønn 6706/12-2 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 218. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 51 prosent. Dei andre rettshavarane er Wintershall Norge AS (24 prosent), OMV Norge AS (15 prosent) og ConocoPhillips Skandinavia AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6706/12 og del av blokk 6707/10. Brønnen blir bora om lag seks kilometer nordvest for Aasta Hansteen-feltet.

Utvinningsløyve 218 blei delt ut den 2. februar 1996 (15. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den femte brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Kristian Runestad, tel. +47 51876027

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 18.02.2015