Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6706/12-3

13.03.2015 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6706/12-3, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6706/12-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 67°04’5.85» nord og 6°43’54,45» aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6706/12- 2 for Statoil Petroleum AS i utvinningsløyve 218.

Boreprogrammet for brønn 6706/12-3 gjeld boring av undersøkningsbrønn i utvinningsløyve 602. Statoil Petrolem AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Centrica Resources AS (20 prosent), Petoro AS (20 prosent), Rocksources Exploration Norway AS (10 prosent), Wintershall Norge AS (10 prosent) og Atlantic Petroleum Norge (10 prosent prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6706/10, blokk 6706/11 og del av blokk 6706/12. Brønnen blir bora om lag 16 kilometer vest for Aasta Hansteen (Haklangfeltet).

Utvinningsløyve 602 vart tildelt 13. mai 2011 i 21. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 13.05.2015