Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7130/4-1

13.11.2015 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7130/4-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7130/4-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 71°31’55,66ˮ nord og 30°10’07,90ˮ aust, etter at undersøkingsbrønn 6406/12-5 S i utvinningsløyve 586 er ferdig bora for VNG Norge AS.

Boreprogrammet for brønn 7130/4-1 gjeld boring av leitebrønn i utvinningsløyve 708 der Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Lukoil Overseas North Shelf AS (20 prosent), Edison Norge AS (20 prosent), Lime Petroleum Norway AS (10 prosent) og Pure E&P Norway AS(10 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokk 7130/7 og den sørlege halvdelen av blokk 7130/4. Brønnen blir bora om lag 85 kilometer nord for Berlevåg i Finnmark.

Utvinningsløyve 708 blei delt ut den 21. juni 2013 (22. konsesjonsrunde). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 13.11.2015