Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7224/2-1

21.12.2015 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønnbane 7224/2-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7224/2-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 72°46'25,92" nord og 24°23'56,33" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7130/4-1 for Lundin Norway AS i utvinningsløyve 708.

Boreprogrammet for brønn 7224/2-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 611. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Faroe Petroleum Norge AS (40 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene 7223/3, 7223/6, 7224/1, 7224/2, 7224/3, 7224/4 og 7224/5. Brønnen blir bora om lag 25 kilometer nordvest for funnet 7224/6-1 (Arenaria) og om lag 240 kilometer nord for Hammerfest.

Utvinningsløyve 611 blei delt ut 13. mai 2011 (21. konsesjonsrunde). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, telefon 51 87 64 52

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 21.12.2015